Publisert 11.08.26 | Åshild Losnegard

Lesekrise eller leseboom?

Norske elevar har aldri vore dårlegare til å lese, men samtidig snakkar mange om ein leseboom inspirert av BookTok. Kan begge delar vere sant samtidig?

Sunniva Evjen
– Det vi kan gjere, er å legge til rette for at det skal bli lettare å bli motivert eller inspirert, seier Sunniva Evjen. Ho meiner skolebiblioteka er ein viktig arena for å utvikle leseglede. (Foto: Sonja Balci / OsloMet)

Åshild Losnegard, senior kommunikasjonsrådgivar ved OsloMet

– Undersøkingar som PISA og PIRLS viser lita leseglede hos 15-åringane, og også nedgang i leseferdigheiter, seier Åse Kristine Tveit, førsteamanuensis i bibliotekvitskap på OsloMet.

Ho meiner lesekrisa er reell, og erfarer det også i møte med nye studentar, som slit med å lese lange tekstar.

Leseboom – men ikkje for alle

Samtidig veks bokfellesskapet BookTok på TikTok, influensarar på sosiale medium framsnakkar bøker og leseklubbar er i vinden. Bokhandlarar og bibliotek melder om utlåns- og salsrekordar, og hevdar vi er inne i ein leseboom.

Betyr det at vi kan avblåse krisa?

– Det er ein del, særleg jenter, som les enormt mykje, men det er vanskeleg å seie kor breitt dette fenomenet er, seier Sunniva Evjen, førsteamanuensis ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet.

– Når du ser på kva som er på topplistene på BookTok, så ser du særleg bøker med appell til unge jenter. Bøkene er gjerne dialogdrivne og inneheld mykje drama og sterke kjensler, fortel forskaren, som meiner vi kan seie at vi har ein leseboom – berre ikkje i alle samfunnslag eller blant alle.

Det å få gutar til å lese blir ofte sett på som den vanskelegaste nøtta å knekke.

– Veldig ofte når det er snakk om lesing og unge, så er det snakk om å lese skjønlitteratur i bokform, og det er det ikkje alle gutar som likar. Men det er viktig å hugse at det finst mykje anna lesing. Gutar les kanskje andre ting, som faglitteratur eller lesing knytt til dataspel, seier Tveit.

Åse Kristine Tveit
Åse Kristine Tveit har forska på leseglede blant elevar på yrkesfag. Ho meiner det er viktig å hugse at lesing kan vere mykje anna enn skjønnlitteratur.
(Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet)

Blir lesing eit elitefenomen?

Heller ikkje på biblioteka treff utlånsveksten alle.

– Ser ein på utlånsstatistikken til biblioteka er det særleg lån av barnebøker som aukar, seier Åse Kristine Tveit.

Ho knyter det særleg til dei årlege Sommarles-kampanjane, som er svært populære.

– Og ikkje minst at ein del foreldre er veldig merksame på at dei vil at ungane skal ha mindre skjerm, og dei vil gjerne at dei skal bli gode lesarar, få seg ei utdanning og gjere det bra i livet. Kanskje er foreldre som sjølv har høg utdanning mest opptatt av det.

Kan forsterke skilnader

Evjen meiner det er grunn til å tru at nokre grupper dominerer utlånet på biblioteka.

– I Noreg har vi ikkje tal på dette, men i Danmark finst det studiar av kven lånarane er og kva dei låner, og der ser vi at biblioteka ikkje nødvendigvis er like utjamnande som ein skulle tru.

I Danmark viser nemleg tala at det er dei med god økonomi og høg utdanning som oftast låner bøker på biblioteka. Forskarane meiner det er sannsynleg at også norske lånarar er ressurssterke, sjølv om dei understrekar at biblioteket også blir brukt på mange andre måtar, av eit breitt publikum.

Det at nokre grupper les meir, medan andre sakkar akterut, kan bidra til å forsterke skilnader i samfunnet.

– Evna di til å lese og konsentrere deg handlar også om evna til å tileigne deg kunnskap på mange andre område, seier Tveit.

Korleis kan vi snu lesekrisa?

Ei gruppe som les lite, er elevar på yrkesfag. Tveit har forska på leseglede blant desse elevane og seier at forskinga viser at dei i liten grad identifiserer seg som lesarar, og heller ikkje opplever glede ved å lese.

Ho trur det å gje elevane litteratur som kan gi dei lesegleda og motivasjonen tilbake, er avgjerande viss vi skal klare å snu lesekrisa.

– Elevane vi intervjua sa dei gjerne kunne tenke seg å lese noko knytt til faget dei gjekk på, for det hadde dei jo valt ut frå ei interesse. Det kunne vere faktaforteljingar, eller kanskje biografiar om ein som har vore i det yrket.

– Viss du skal bli motivert, så handlar det både om å vere interessert i noko, og om å vite at det gir deg ei god oppleving. At du har ei erfaring om at dette veit eg er kult. Det er jo noko av dynamikken bak at seriar sel så bra.

Skolebiblioteka som frirom

Sunniva Evjen meiner det finst tiltak vi veit verkar for å gi elevane lesegleda tilbake:

– Det vi kan gjere, er å legge til rette for at det skal bli lettare å bli motivert eller inspirert. Der må ein i større grad tenke at skolebiblioteka er ein viktig arena.

– Skolebiblioteket kan bli eit frirom som er noko anna enn klasserommet, med eit variert tilbod av bøker, der elevane kan få gode anbefalingar basert på ikkje berre kva dei er interessert i, men også ut frå nivået dei er på.

I Sverige satsar dei no milliardar på å bygge opp skolebiblioteka for å betre leseferdigheitene. Forskarane håper regjeringa sin nye lesekommisjon, som kjem med sine anbefalingar i løpet av året, vil foreslå det same.

– Det å ha eit skolebibliotek som er bemanna, der elevane møter nokon som kan bøker og som kan formidle, utan at det er ein lærar. Det utgjer ein kjempeforskjell, seier Evjen.

Referanse

  • Tveit, Åse Kristine; Olsen, Heidi Kristin (2025). Lesere, ikke-lesere og litteraturformidlingens muligheter på yrkesfag (norskundervisning.no). Norsklæreren.
  • Blaabæk, Ea Hoppe; Friedman, Sam; Jæger, Mads Meier; Reeves, Aaron (2025). How are cultural tastes stratified? Evidence from library borrowing for the entire population of Denmark Purchased (academic.oup.com). European Sociological Review.

Relaterte artikler

Politisk samling om skolen nå!

Et samlet Skole-Norge uttrykker i et leserbrev i VG at denne ukens begredelige Pisa-resultat for den norske skolen – ikke må brukes i en ny ordkrig mellom politikere – Det siste vi trenger nå, er partipolitikere som nok en gang rir kjepphestene sine inn i skolen og skal detaljstyre undervisningspraksis og overstyre læreres og skolelederes […]

Nyheter
Uteskole

Bruker naturen som klasserom

På Lundamo skole i Melhus kommune har elevene minst én skoledag ute hver uke. Uteskoleprosjektet Naturen som læringsarena viser at elever som lærer ute, får et større faglig utbytte og trives bedre på skolen.

Nyheter
Kari Eide fra Skolelederforbundet

Når GDPR og tjenstlig behov står i veien for lederansvaret

Skoleåret er fortsatt i sine første uker, og korridorene er fylt med flotte og energiske ungdommer. Mange av dem er nye på skolen og ukjente for oss voksne. Jeg tenker ofte på hvem som er hvem når jeg møter elevene.

Nyheter