Når læraren lærer, men skulen står stille

Lærarar investerer i kompetanse som aldri før. Samstundes utviklar ikkje skulen seg nødvendigvis i takt med denne innsatsen. Når leiinga ikkje set læringa i system, får vidareutdanning karakter av personleg utvikling snarare enn kollektiv skuleutvikling.

Dorthea Sekkingstad og Elin Bø Morud

Vidareutdanning blir ofte framstilt som eit kinderegg i skuleutviklinga: ho gir fagleg påfyll til læraren, styrkjer undervisninga og bidreg til utvikling av heile skulen. Erfaring og forsking viser likevel at denne logikken berre delvis held i praksis. Vidareutdanning kan gi kollektiv gevinst – men ho gjer det ikkje av seg sjølv. Utan tydeleg leiing blir ho i beste fall eit individuelt løft, i verste fall eit tap av både tid og potensial.

Lærarar lærer, men skulen endrar seg ikkje alltid

I ein studie av yrkesfaglærarar og skuleleiarar i vidaregåande opplæring kjem dette tydeleg fram. Lærarane skildrar vidareutdanninga som relevant, praksisnær og fagleg styrkjande. Dei opplever auka profesjonell tryggleik, utvikling av betre språk for å snakke om undervisning og større medvit om vurdering, rettleiing og elevane sine læringsprosessar. Alt det ein kan håpe på.

Likevel er det langt frå sikkert at denne kompetansen blir ein ressurs for kollegiet. Mange lærarar fortel at ansvaret for å dele og vidareutvikle det dei har lært, i stor grad blir liggjande på dei sjølve. Utan forpliktande arenaer og tydelege forventningar frå leiinga stoppar utviklingsarbeidet ofte opp i dei næraste fagmiljøa – eller hos den enkelte læraren.

Her ligg eit grunnleggjande problem: Vi har gjort vidareutdanning til eit individuelt prosjekt i ein kollektiv organisasjon.

Når teori og praksis heng saman

Både lærarar og leiarar er samde om éin ting: Vidareutdanning fungerer best når innhaldet er tett kopla til praksis. Kombinasjonen av forskingsbasert teori, praktisk utprøving og refleksjon gir faktisk endring i undervisninga. Dette er i tråd med det forskinga har vist i fleire tiår: Profesjonell læring må vere relevant, aktiv og praksisnær for å ha effekt.

Men relevans er ikkje nok. Overføringsverdi krev meir enn godt innhald. Ho krev hensiktsmessige arenaer for deling og leiing som tek ansvar for å knyte individuell læring til ei felles retning.

Deling skjer ikkje tilfeldig – ho må leiast

Eit gjennomgåande funn i studien er at vidareutdanning styrkjer profesjonsfellesskapet når ho stimulerer til samarbeid. Lærarar peikar på verdien av å møte kollegaer på tvers av fag og avdelingar, både lokalt og i vidareutdanninga. Leiarar ser at lærarar som deltek i vidareutdanning, ofte blir meir aktive i delingsarenaer og bidreg med større fagleg engasjement.

Likevel skjer dette oftast på trass av, ikkje på grunn av, etablerte strukturar. Deling blir overlaten til uformelle initiativ, engasjerte enkeltpersonar og tilfeldige møtepunkt. Manglar slike strukturar, blir vidareutdanning både sårbar og personavhengig. Då går skulen glipp av den kollektive gevinsten.

Gapet mellom intensjonar og praksis

Dei fleste skuleleiarar ønskjer å jobbe strategisk med kompetanseutvikling. Intensjonane er gode. Problemet er kvardagen. Drift, vikarutfordringar og organisatoriske rammer gjer det krevjande å følgje opp vidareutdanning systematisk. Resultatet er eit tydeleg gap mellom det leiarane ønskjer å få til, og det som faktisk skjer.

Dette gapet handlar ikkje om manglande engasjement, men om manglande system. Når vidareutdanning ikkje er integrert i skulen sine strukturar og prioriteringar, blir ho noko som skjer ved sida av – ikkje ein del av – utviklingsarbeidet.

Vidareutdanning krev leiing

Dersom vidareutdanning skal bli ein motor for skuleutvikling, må leiinga ta eit langt meir aktivt ansvar. Det inneber mellom anna å:

  • kople vidareutdanning til skulen sine satsingsområde
  • etablere faste arenaer for deling og refleksjon
  • avklare forventningar til bruk av ny kompetanse
  • gi vidareutdanna lærarar mandat og legitimitet
  • følgje opp læringsprosessar over tid

Dette er kjerneoppgåver i pedagogisk leiing. Å leie lærarane si læring er ikkje eit tillegg til leiarrolla – det er sjølve rolla.

Frå individ til kollektiv

Vidareutdanning gir først kollektiv gevinst når leiinga gjer henne til ein felles praksis, ikkje berre eit individuelt tilbod. Profesjonsfellesskap utviklar seg ikkje av seg sjølve. Dei må leiast fram – med struktur, retning og kultur for deling.

Spørsmålet vi må stille oss, er derfor ikkje om vidareutdanning er viktig. Det er ho. Spørsmålet er om vi som leiarar er villige til å ta ansvaret som må til for at vidareutdanning faktisk blir ein investering for heile skulen – og ikkje berre for dei få som deltek.

Sjekkliste for leiing av kompetanseutvikling gjennom vidareutdanning

Forankring og retning

  • Er vidareutdanninga kopla til skulen sine prioriterte satsingsområde?
  • Har vi ei felles forståing i leiinga av kvifor denne kompetansen er viktig for skulen?

Rekruttering og fordeling

  • Er rekrutteringa til vidareutdanning strategisk – både forankra i avdelingane og på tvers av fagmiljø?
  • Er det tydeleg kvifor akkurat desse lærarane deltek, og kva rolle dei skal ha i etterkant?

Struktur og tid

  • Har vi sett av tid og etablert faste, hensiktsmessige arenaer for deling og refleksjon?
  • Er det klare forventningar til både deltakarar og kollegiet om bruk og deling av ny kompetanse?

Oppfølging og leiingsregi

  • Følgjer leiinga aktivt opp vidareutdanninga – før, under og etter gjennomføring?
  • Etterspør vi konkret kva lærarane lærer, prøver ut og reflekterer over?

Profesjonsfellesskap og kultur

  • Har vi gitt vidareutdanna lærarar mandat og legitimitet til å bidra inn i kollegiet?
  • Byggjer vi ein kultur der prøving, refleksjon og deling er verdsett og forventa?

Samanheng og berekraft

  • Blir individuell læring systematisk kopla til felles mål og utviklingsarbeid?
  • Er kompetanseutvikling eit kontinuerleg arbeid – eller avgrensa til enkeltståande tiltak?

Om forfattarane

Dorthea Sekkingstad

Dorthea Sekkingstad er dosent i pedagogikk og utdanningsleiing ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har lang erfaring som undervisar i høgare utdanning, og har arbeidd som lærar og rektor i skuleverket i ei årrekkje. Undervisnings- og forskingsområde er rettleiing, skuleleiing og profesjonell læring og utvikling.

Elin Bø Morud

Elin Bø Morud er førstelektor i skuleutvikling og livslang læring ved NTNU og leiar av NTNU KOMPiS. Ho har lang erfaring med gjennomføring og leiing av skoleutviklingsprosjekt og har også brei erfaring med å utvikle vidareutdanningstilbod for skulesektoren. Morud har jobba både som lærar og skuleleiar i ei årrekkje. Forskings- og utviklingsområde er retta inn mot vidareutdanning, livslang læring og skuleutvikling i ulike formar.

Relaterte artikler

Lill Presttun

Møt fylkeslederen: Lill Presttun

Lill Presttun er er leder for Skolelederforbundet Vestland. De er godt i gang med å planlegge Bergenskonferansen, i tillegg til arbeidet med å bygge sterke lokallag og sikre målrettet arbeid med forhandlinger. Hun finner ro og påfyll når hun spiller kornett i brass band.

Nyheter

Gi oss muligheten, så skal vi løfte barnehage og skole

Forslaget til statsbudsjett 2027 prioriterer ikke barn og unge. Skolelederforbundet er skuffet og bekymret over at det er barn og unge som må betale prisen for at de vokser opp i en urolig verden, at det blir flere eldre og at strømmen blir dyrere. Det er på tide å prioritere skole og barnehage. Vi som […]

Nyheter

Mer realfag og teknologi for et sterkere Norge

Skolelederforbundet  er en av 40 organisasjoner og bedrifter innen utdanning, forskning og arbeidsliv som står sammen om seks grep til regjeringens nye realfags- og teknologistrategi. Mange av de mest sentrale organisasjonene og viktige bedrifter har blitt enig om grep for en samlende og langsiktighet i den nye realfagstrategien. De ble overlevert kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. […]

Nyheter