
Når barn bryter med kjønnsnormen
Barn som bryter med kjønnsnormen lærer tidlig å skamme seg for at de er den de er. Hvordan de blir møtt i barnehagen og på skolen har stor betydning for livskvaliteten.
For ein del år tilbake hadde me besøk av professor Gordon Stobart, i regionen min. Me deltok i satsinga «Vurdering for læring» og han hadde fagdag for lærarane våre.
Kristin Skare, sentralstyremedlem
Det første han gjorde var å feie fram formålsparagrafen på veggen. Han var svært begeistra for denne; «It is poetry», kom det begeistra frå scena, og vidare gjekk han gjennom verdigrunnlaget som den norske skulen byggjer på, nettopp i formålsparagrafen. Barnehagen sin formålsparagraf er nærmast identisk i ordlyden og såleis heng oppdraget i oppvekst saman. Lova slår fast at opplæringa skal bygge på verdiar som respekt for menneskeverdet, likeverd og solidaritet, samt at me skal fremja demokrati og motverka diskriminering.
Dette er ikkje berre vakre ord. Det er oppdraget vårt. Barnehagelova og opplæringslova forpliktar oss til å byggje fellesskap der alle barn og unge opplever tryggleik, tilhøyrsle og respekt. Utdanningsdirektoratet er tydeleg på at arbeid med mangfald og inkludering også gjennom å markere Pride, er i tråd med desse verdiane og bidreg til at fleire opplever å høyre til.
I min kommune heiser alle barnehagane og alle skulane regnbogeflagget, samla. Dette har skapt både engasjement og motstand. Barnehageleiarane sin informasjon ut til føresette og samfunn peikar på oppdraget i formålsparagrafen og avsluttar innlegget sitt med:
Det er ei enkel, men tydeleg og synleg markering som viser at skulane og barnehagane i Bømlo har rom for alle. Me ynskjer gjennom dette å styrkja arbeidet mot mobbing, utanforskap og diskriminering, og å byggja fellesskap og tilhøyrsle for alle barn.
…. Samstundes står vi trygt i arbeidet vårt, som er forankra i barnehagelova og rammeplanen.
Fin gjeng!
Sist veke var sentralstyret i Trondheim. Det var tett program på dagane, med saker som engasjerte sterkt, deriblant arbeidet til Fellesskoleutvalget. Me gler oss til NOU-en vert publisert. Med oss i møtet hadde me leiar for utvalet Bjørn Haugstad og Henning Fjørtoft.
Utfordringane som vert skildra er samansette. Eitt av tema var den aukande polariseringa i samfunnet. Frontane hardnar i debattane, det er utfordrande å skilja i sant og usant, og det har me sett både lokalt og nasjonalt i årets pride-feiring. Me går ei spennande tid i møte når me skal drøfta oppvekst si rolle i åra som kjem.
Oppi dette vert oppdraget vårt tydlegare. Me skal halde fast i verdiane som ligg fast, også når det utfordrar. Og, nettopp difor er det rett at me heiser regnbogeflagget i juni.
Happy pride!