Ny rammeplan for lærarutdanningane

I mars 2025 sette regjeringa i gang ein prosess med mål om å gå frå elleve til to rammeplanar for lærarutdanning – éin rammeplan for lærarutdanning og éin rammeplan for samisk lærarutdanning. Skolelederforbundet er positivt til eit arbeid som forenklar, gjev betre oversikt og vonleg aukar kvalitet og rekruttering.

Ole Frank Bakken, 1. vara i sentralstyret

Ole Frank BakkenMålet er prisverdig: gje utdanningsinstitusjonane større fagleg fridom og fleksibilitet til å tilpasse utdanningane lokalt, samt styrkje profesjonsfellesskapet og heilskapen i utdanningane. I dette ligg det at universitet og høgskular (UH) får større tillit og handlingsrom til å forme eigne studieprogram, og at fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis heng saman, slik at utdanningane får høve til å tilpasse seg regionale og lokale behov.

Den nye strukturen vil også gjere forskriftene meir oversiktlege og gje eit tydelegare skilje mellom kva som er absolutte krav, og kva som er pedagogiske prinsipp. Skolelederforbundet er positivt og har signalisert at dette er fornuftige grep som kan gje utdanningane ei tydelegare retning, auke kvaliteten og vonleg også tydeleggjere forventningar til komande lærarar, og på den måten auke rekrutteringa.

I april 2025 gav KD Fagleg råd for lærarutdanning 2025 (FRLU) i oppdrag å utarbeide forslag til ein hovuddel til ein felles rammeplan som skal erstatte åtte av dagens rammeplanar for lærarutdanning. Hausten 2025 fekk åtte arbeidsgrupper i oppdrag å utarbeide underkapitla, i tillegg til ei eiga gruppe med oppdrag om å utarbeide forslag til ein felles rammeplan for samiske lærarutdanningar. Prosessen er i gang, og Skolelederforbundet er med i dialogen for å løfte fram perspektiva til leiarane og dei ulike aspekta som vi er urolege for.

Autonomi med ansvar

Eit aspekt er kva den auka institusjonelle autonomien vil gjere med kvardagen vår som arbeidsgjevarar. Når UH får større fridom til å utforme det faglege innhaldet, risikerer vi då at omgrepet «ein utdanna lærar» får ulikt innhald avhengig av kvar i landet utdanninga er teken?

Særleg på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule er vi avhengige av ei føreseieleg og tydeleg fagleg breidde hos søkjarane. Dersom dei lokale studieplanane sprikar for mykje, blir det utfordrande for skuleleiarar å vurdere den faktiske kompetansen til søkjarane ved tilsetjing. Auka lokal autonomi må derfor alltid balanserast med ein tydeleg nasjonal minstestandard. Ein lærar må vere ein lærar, uansett utdanningsstad. Vidare handlar dette også om mobiliteten til studentane; ulik praksis må ikkje hindre studentar i å bytte lærestad undervegs i løpet.

Harmonisering med gjeldande lovverk

Eit anna aspekt handlar om å ha blikket festa på konsekvensar for anna lovverk. Skolelederforbundet er opptekne av at KD må sikre at det ikkje oppstår motstrid mellom utdanningsinnhaldet i rammeplanen og krava i kompetanseforskrifta. Skuleleiarar treng føreseielege juridiske rammer ved rekruttering. Vidare kan ulike delar av planarbeidet få konsekvensar for forvaltningslovverk og arbeidsmiljø som leiarar skal forvalte.

Samanhengar og forventningar

Skolelederforbundet bør forvente at KD sikrar ein raud tråd i nye rammeplanar frå barnehagelærarutdanninga, gjennom grunnskulen og opp til fag- og yrkesopplæringa, særleg med tanke på dei nye «byggjeklossane» i underkapitla. Større autonomi og fleksibilitet kan fort gje utilsikta konsekvensar i iveren etter å forenkle og betre. Skolelederforbundet er positivt til arbeidet som vonleg vil gje betre oversikt og tydeleggjere krav og prinsipp. Skolelederforbundet er tett på prosessane og løftar fram innspel, forventningar og uro for endringar som kan påverke innhald og arbeidsvilkår til leiarane.

Som ny 1. vara til sentralstyret har eg fått gleda av å møte på alle sentralstyremøte i 2026. Det har vore ei sann glede å bli godt motteken og kjend med fine folk i sentralstyret, tilsette og leiinga i forbundet. Eg er audmjuk og takksam for tilliten, både for å få representere lærarutdanningane i forbundet og for å kunne løfte stemma til leiarane. Som tidlegare vart utfordra til å stille som representant for Skolelederforbundet i gruppa for lærarutdanning under Universitets- og høgskulerådet (UHR-LU). Eg har takka ja og vil gjere mitt beste for medlemmane i forbundet i dette rådet. Saka om ny rammeplan i lærarutdanningane er den fyrste større prosessen eg tek del i, og eg ser fram til å følgje prosessen vidare.

Relaterte artikler

Lill Presttun

Møt fylkeslederen: Lill Presttun

Lill Presttun er er leder for Skolelederforbundet Vestland. De er godt i gang med å planlegge Bergenskonferansen, i tillegg til arbeidet med å bygge sterke lokallag og sikre målrettet arbeid med forhandlinger. Hun finner ro og påfyll når hun spiller kornett i brass band.

Nyheter

Gi oss muligheten, så skal vi løfte barnehage og skole

Forslaget til statsbudsjett 2027 prioriterer ikke barn og unge. Skolelederforbundet er skuffet og bekymret over at det er barn og unge som må betale prisen for at de vokser opp i en urolig verden, at det blir flere eldre og at strømmen blir dyrere. Det er på tide å prioritere skole og barnehage. Vi som […]

Nyheter

Mer realfag og teknologi for et sterkere Norge

Skolelederforbundet  er en av 40 organisasjoner og bedrifter innen utdanning, forskning og arbeidsliv som står sammen om seks grep til regjeringens nye realfags- og teknologistrategi. Mange av de mest sentrale organisasjonene og viktige bedrifter har blitt enig om grep for en samlende og langsiktighet i den nye realfagstrategien. De ble overlevert kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. […]

Nyheter