Pressemelding fra Kunnskapsdepartementet
loader
Skolelederforbundet – vi løfter landets viktigste ledere

Gir 60 millionar for å rettleie nyutdanna lærarar

Pressemelding fra Kunnskapsdepartementet:

Tilskotet skal bidra til ein god overgang mellom studia og lærarjobben gjennom rettleiing. – Eg vil at fleire lærarar skal oppleve meistring i den første tida som lærar. God rettleiing kan gi nye lærarar meir og viktig tryggleik til å handtere rolla som lærar godt og meistre arbeidssituasjonen sin betre, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

I 2019 kan ein søkje om tilskot for nyutdanna lærarar som startar på sitt første år som lærar i grunnskolen hausten 2019. Det er sett av 60 millionar kronar til rettleiing for skoleåret 2019–2020.

– Vi treng gode og kvalifiserte lærarar framover. Da må vi sørgje for at dei som har valt læraryrket får brukt kompetansen dei har med seg frå utdanninga, og at dei blir verande i jobben, seier Sanner.

I følgje tal frå SSB er det om lag ein av ti grunnskolelærarar som sluttar å arbeide i skolen innan dei første fem åra etter endt utdanning.

Skolane avgjer korleis dei vil rettleie

Tilskotet skal brukast til direkte kostnadar knytte til planlegging og gjennomføring av rettleiinga. Det er skolen og skoleeigaren som avgjer korleis dei organiserer rettleiinga.  Eit vilkår for å få støtte er likevel at rettleiinga er i tråd med prinsippa i dokumentet "Veiledning av nyutdannede nytilsatte lærere i barnehage og skole". Desse prinsippa er utforma i samarbeid med organisasjonar for barnehage, skole og høgare utdanning, og er ein del av dei nasjonale rammene. I prinsippa står det mellom anna at rettleiinga skal skape ein overgang mellom utdanning og yrke som både ivaretek og utfordrar den nyutdanna i utøvinga av læraryrket.

– Eg trur rettleiinga blir betre av at skolane og skoleeigarane sjølve avgjer korleis dette løysast. Det varierer kor store skolane og kommunane er, og kor mange nyutdanna nytilsette dei har. Den enkelte læraren kan også ha ulike behov. Derfor må rettleiinga tilpassast lokale forhold, seier Sanner.

Både kommunar og friskolar kan søkje om tilskot. Det er Utdanningsdirektoratet som forvaltar tilskotsordninga: