Oppsummering av statsbudsjettet for våre medlemmer
loader
Skolelederforbundet – vi løfter landets viktigste ledere

Oppsummering av statsbudsjettet for våre medlemmer

Kunnskapsministeren invitere idag til en lukket før orientering om statsbudsjettet for KD.

Statsråden løftet frem flere satsningen innen barnehage og skole med hovedfokus på å videreføre utdanningsløftet, fokus på de sårbare barna og tiltak for å øke integreringen.

Det er en rekke tiltak i meldingen som styrker flere områder innen kunnskapssektoren. Det er dessverre ikke funnet midler til en av våre saker som er like vilkår for ledere og lærere som gjennomfører kompetanse for kvalitet. Det er flott at kompetanseløftet videreføres men vi er ikke fornøyd med at vi ledere ikke får de samme vilkår som lærerne.

Det var ingen direkte tiltak rettet mot de økte utgiftene som følge av korona. Det er uklart når vi vil få signaler om hvordan disse skal dekkes for inneværende år og for 2021. Vi er fortsatt på gult nivå og situasjonen er krevende og en uklar budsjettsituasjon bidrar til kutt som reduserer kvaliteten på tilbudene i skole og barnehage. Vi vil fortsette å følge opp dette og flere saker i prosessen frem mot endelig vedtak i Stortinget.

Utdrag fra KD Prop 1 s

Utdanningsløftet 2020

Regjeringa lanserte våren 2020 Utdanningsløftet 2020, som er ei storstilt satsing på kompetanse- tiltak og større kapasitet i utdanningane på alle nivå. Løyvingane til tiltaka som inngår i Utdan- ningsløftet 2020, utgjer til sammen 1,6 mrd. kroner i 2020.

Departementet meiner det er behov for å vidareføre Utdanningsløftet 2020 og foreslår derfor til saman 2,5 mrd. kroner til følgande tiltak i stats- budsjettet for 2021:

– midlar for at permitterte og ledige kan fullføre vidaregåande opplæring

– midlar for at personar som går ut av vidaregåande opplæring utan studie- eller yrkeskompe-

tanse, kan få eit tilbod

– ein auke av lærlingtilskotet våren 2021

– midlar for å legge til rette for eit utvida tilbod om Vg3 i skule for elevar som ikkje får lære-

plass, Fagbrev som elev

– midlar til tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse

frå vidaregåande opplæring

– midlar til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb

– midlar til å utvide forsøket med modulstrukturert opplæring innanfor utvalde lærefag i fag-

og yrkesopplæringa

– midlar til å vidareføre utvidinga av treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling, inkluder t kompetanseløft for utsette industri- klynger

– vidareføring og opptrapping av midlane til 1 600 studieplassar ved fagskular og om lag 500 nye studieplassar til Industrifagskolen i 2021

– vidareføring og opptrapping av midlane til 4 000 studieplassar ved universitet og høgsku- lar i 2021

– vidareføring av 250 rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular

– ein auke i midlar til fleksible utdanningstilbod gjennom Diku

Barnehage og grunnskule

Departementet foreslår å løyve 170 mill. kroner til oppfølging av sårbare elevar som har fått tapt pro- gresjon som følge av stenginga av skulane delar av våren 2020.

Covid-19-pandemien og stenginga av skulene synleggjorde utfordringar med digital under visning i fleire kommunar. Våren 2020 løyvde Stortinget 80 mill. kroner til tiltak i kommunar, fylkes- kommunar og friskular som har utfordringar med overgangen til digital under visning i samband med covid-19-pandemien. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga i 2021. Midlane skal nyttast både til å handtere behov ved nye periodar med stenging eller redusert skuletilbod og å vidareføre arbeidet med å utjamne forskjellar mellom kommunar når det gjeld digital undervisning.

Midlane vil i 2021 òg støtte opp om mål i digitaliserings- strategien og innføringa av fagfornyinga.

Departementet foreslår å bruke 430 mill. kroner i 2021 til tiltak for å fremje kvaliteten og kom- petansen i barnehagane. 200 mill. kroner vil gå til den regionale ordninga for kompetansetiltak.

Private barnehagar har i snitt lågare pensjonsutgifter enn det dei får tilskot for. Derfor foreslår departementet å redusere pensjonstilskotet deira frå dagens 13 pst. til 11 pst. av kommunens lønns- kostnader frå 1. januar 2021.

For å gi private barnehagar med mindre økonomisk handlings- rom noko betre tid til å tilpasse seg inntektsbort- fallet, foreslår regjeringa å innføre ei overgangs- ordning med gradvis reduksjon i pensjonstilskotet for einskildståande barnehagar.

Hausten 2020 starta innføringa av dei nye læreplanane i grunnopplæringa, noko som er den største endringa sidan reforma Kunnskapsløftet i 2006. Det er 1.–9. trinn i grunnskulen og 1. trinn i vidaregåande opplæring som får nye læreplanar frå hausten 2020, dei andre trinna følger etter dei neste åra. Departementet foreslår å løyve 180 mill. kroner til læremiddel i samband med fagforny- inga. ( Spm til statsråden bekreftet at dette kun er til grunnskolen og ikke til VGS!)

Hausten 2021 tek ny rammeplan for skulefritidsordninga (SFO) til å gjelde. Departementet vil fjerne økonomiske barrierar som hindrar barn frå familiar med låg inntekt i å få gå på SFO, og fore- slår å løyve 25 mill. kroner i 2021 til å utvide ord- ninga med inntektsgrader t foreldrebetaling i SFO ved offentlege skular til også å omfatte 3. og 4. trinn frå hausten 2021, slik at ordninga dermed gjeld 1.–4. trinn. I tillegg foreslår departementet å løyve 3 mill. kroner til å opprette ei eiga tilskots- ordning for SFO ved frittståande skular som ønsker å tilby tilsvarande inntektsgradering i SFO for elevar på 1.–4. trinn. Departementet foreslår også å løyve 15,2 mill. kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

Arbeidet mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø i grunnopplæringa har høg prioritet hos regjeringa. Departementet foreslår å løyve 110 mill. kroner til dette arbeidet i 2021. Dette omfattar mellom anna midlar til fylkesmannen si handhevingsordning og dei fylkesvise mob- beomboda – tiltak som skal sikre at barn, unge og foreldre har moglegheit til å få hjelp, støtte og rett- leiing når dei opplever manglande oppfølging frå skulen eller kommunen.

Gode lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til at elevane skal lære meir. Regjeringa vil halde fram med den omfattande satsinga på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og foreslår å bruke 1,6 mrd. kroner til dette i 2021. Løyvinga gir mellom anna rom for å tilby vidareutdanning til om lag 6 300 lærarar haus- ten 2021 innanfor ordninga Kompetanse for kvali- tet. Departementet foreslår å trappe opp satsinga på karrierevegar for lærarar til 229 mill. kroner i 2021. Med dette vil det vere mogleg å auke talet på lærarspesialistar frå 1 500 til 2 300 frå hausten 2021. Departementet foreslår i oppfølginga av Tett på- meldinga å løyve 50 mill. kroner i 2021 som del av eit kompetanseløft i spesialpedagogikk for tilsette i både barnehage, skule og PP-tenesta.

Vidaregåande opplæring

Utdanningsløftet 2020 er ei historisk satsing på vidaregåande opplæring. Regjeringa vil halde fram denne satsinga i 2021.

Våren 2020 vedtok Stortinget midlar for at ledige og permitterte utan vidaregåande opplæring kan få moglegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Departementet foreslår å vidareføre tilskotet på 300 mill. kroner i 2021.

Departementet foreslår òg å vidareføre eit tilskot på 150 mill. kroner for at personar som går ut av vidaregåande opplæring utan å oppnå studie- eller yrkeskompetanse, kan få eit tilbod.
For å halde fram satsinga på auka bruk av ordninga med Fagbrev på jobb foreslår departementet 46 mill. kroner.

For hausten 2020 vedtok Stortinget midlar for å auke lærlingtilskotet. Depar tementet foreslår å vidareføre denne auken med 170 mill. kroner for våren 2021.

Departementet foreslår vidare 150 mill. kroner i 2021 for å legge til rette for eit utvida tilbod om Vg3 i skulen for elevar som ikkje får læreplass, Fagbrev som elev.

Kompetansepolitikk og livslang læring

Departementet foreslår å auke løyvingane til kompetansereforma Lære heile livet med til saman om lag 900 mill. kroner i 2021.

Våren 2020 blei ordninga med treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling utvida med 120 mill. kroner, noko som la til rette for fleire nye bransjeprogram og ei utviding av bransjeprogrammet for industri- og byggenæringa.
Departementet foreslår å vidareføre utvidinga av bransjeprogramma med 110 mill. kroner i 2021. Innanfor løy- vinga til bransjeprogram foreslår regjeringa 20 mill. kroner til kompetanseløft for utsette industriklynger i 2021.

Departementet foreslår 45,5 mill. kroner til tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse.

Stortinget vedtok midlar til 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i statsbudsjettet for 2020 og 1 500 nye studieplassar i samband med Revider t nasjonalbudsjett 2020. Departementet foreslår å løyve 178,6 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp løyvinga til desse studieplassane i 2021.

Departementet foreslår 37,8 mill. kroner til om lag 500 nye studieplassar ved Industrifagskolen. Inkludert utgifter til utdanningsstøtte er samla utgift for desse studieplassane om lag 50 mill. kroner i 2021.

For å lykkast med kompetansereforma må det bli enklare å kombinere deltidsutdanning med deltidsarbeid. I dag kan regelverket i Lånekassen som avgrensar tida ein kan få utdanningsstøtte til åtte år, vere eit hinder for dette. Departementet foreslår der for å gå over til ei studiepoengbaser t tidsramme for lån og stipend. På den måten kan lån og stipend takast ut fleksibelt over lengre tid enn åtte år om ein studerer på deltid.

Integrering

Regjeringa jobbar med å følge opp integreringsstrategien gjennom å reformere kvalifiseringstil- bodet for flyktningar og andre innvandrarar, gjennomgå busettingsordninga og styrke sivilsamfun- net si rolle.

Eit sentralt element i reforma er ny lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova), jf. Innst. 389 L (2019– 2020) og Prop. 89 L (2019–2020). Lova skal bidra til at dei som kjem til Noreg og får opphald her, får nytta kunnskapane og evnene sine og delta i arbeids- og samfunnslivet. Satsing på utdanning, kvalifisering og kompetanse står sentralt i lova, som samla skal medverke til at fleire innvandra- rar, særleg flyktningar, raskt blir integrerte i det norske samfunnet, får ei varig tilknyting til arbeidslivet og blir økonomisk sjølvstendige.

Departementet foreslår 25 mill. kroner til norskinnsats for å gjere tilbodet om frivillig norsktrening betre kjent, for å rekruttere fleire frivillige norsktrenarar og til utvikling av eit fleksibelt tilbod om norsktrening som eit supplement til tilbodet i kommunane. Vidare foreslår departementet 57 mill. kroner til nye satsingar på integreringsfeltet, mellom anna til tiltak som gir fleire flyktningar og andre innvandrarar utdanning og kvalifisering. Tiltaka er nærare omtala i boks 4.2 og under kap. 291, post 60.

Oslo 7. okt 2020

Stig Johannessen

Forbundsleder

Skolelederforbundet

 

 

 

 

Link til budsjettet

https://www.regjeringen.no/contentassets/4e62136236634bea8438652ad54d299d/nn-no/pdfs/prp202020210001_kddddpdfs.pdf