- La oss ikkje skru tida tilbake
loader
Skolelederforbundet – vi løfter landets viktigste ledere

- La oss ikkje skru tida tilbake

Vår oppmoding er at det vert vedtatt eit budsjett som gjer at alle elevar får eit skuletilbod som fremmer fagleg og sosial utvikling, skriver Norvald Hestetræet, leiar Skolelederforbundet Vesthordaland i Askøyværingen. 

Av Norvald Hestetræet (Artikkelen ble opprinnelig publisert i Askøyværingen)

Skolelederforbundet Vesthordaland (Askøy, Sund, Fjell og Øygarden) er uroa for den økonomiske situasjonen Askøy kommune er i. 

Vi veit at rådmannen sitt ansvar er å legge fram forslag til korleis kommunen sitt budsjett skal gå i balanse. Det er politikarane sitt ansvar å prioritere kva tiltak som skal vidareførast eller takast vekk. 

Dei som arbeidar i skulen i dag gjer ein særs god jobb, men samtidig veit vi at menneskelege ressursar er nødvendig for å fortsette denne gode jobben. 

I budsjettnotat frå rådmannen er det ein rekke forslag vi er kritiske til og Skolederforbundet Vesthordaland håper og trur at politikarane på Askøy vel å prioritere rett. «Utdanning og dannelse er verdier samfunnet må ivareta» står det i dokumentet. 

Det skjedde mykje positivt i 2018. Dei fire undomsskulane fekk kvar sin miljøveiledar. Miljøveiledarane skal blant anna bidra til at vi tidleg oppdagar barn som er risikoutsatt, bidra til å sjå den enkelte og hjelpe til med å gjere elevmiljøet positivt for kvar enkelt elev. Det vert stilt store krav til skulane når det gjeld oppfølging og avdekking av mobbing og trakassering. 

Ny lov, Oppæringslova 9A har gjort at personalet i skulen har fått skjerpa plikt til å handtere og gripe inn når nokon vert trakassert eller når elevar melder at dei ikkje har det godt. Dokumentasjonskravet for skuleleiar og lærar er stort og Fylkesmannen har stadig sakar frå skulane som skal følgast opp. 

Dei 6,7 millionane som vart tilført oppvekstsektoren i 2018 (på grunn av eiendomsskatt) vart tatt godt i mot på skulane i Askøy. Mykje positivt har skjedd, men framleis er det skular som slit med å få balanse i rekneskapet. Elevar med spesielle behov, psykisk sjuke barn og store adferdsproblemar i enkelte skular tar mykje av ressursane. 

Staten har vedtatt reglement omkring lærertetthet. Det er bra. Men samtidig ser vi at staten nok ein gong ikkje finansierer dette fullt ut. Kommunen får ein utfordring på om lag kr. 10 millionar for å oppfylle kravet frå staten. Her må politikarane påverke dei som sit med makta slik at kommunane kjem betre ut av det. 

Leirskuleopphald. Det er i dag opp til skuleeigar om dei vil tilby leirskuleopphald eller ein annan skuletur med overnatting. I vår kommune er det vanleg at skulane reiser på leirskule, ofte på 7. trinn. Vi veit også at dette er ei veke som elevane huskar med positivt tegn resten av livet. Praktisk, variert og mykje lærdom i å reise vekk frå mor og far dei dagane som det gjeld. Det sosiale spelet rundt dei som reiser skal ein heller ikkje nedprioritere. 

Skolederforbundet Vesthordaland har ikkje svaret på kva som skal prioriterast. Denne jobben ligg hos politikarane. Vår oppmoding er at det vert vedtatt eit budsjett som gjer at alle elevar får eit skuletilbod som fremmer fagleg og sosial utvikling. Vi er på rett veg i Askøy kommune. La oss ikkje skru tida tilbake.